Utvandringa frå Volda

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Ei ordbok av ein ulvestadbygding

Frå UlvestadbygdaOpprettet av Per Ole Reite on., september 24, 2014 21:51:56
Martin Ulvestad var frå Sammelgarden på Ulvestad. Han utvandra i 1888 til USA der han skreiv og ga ut fleire bøker. Engelsk-Dansk-Norsk Ordbok vart utgitt i Minneapolis, Minnesota 1895 og er på over 700 sider. Boka vart nyleg kjøpt på e-bay av Hans Martin Klokk og gitt til redaksjonen. Takk til Hans Martin som førte denne skatten tilbake til Ulvestadbygda.

Brev og Avisartiklar

Frå DalsfjordenOpprettet av Per Ole Reite on., september 24, 2014 21:16:12
Viktige kjelder, til djupare innsikt i historia, er brev og avisartiklar. Redaksjonen har no fått i hende ein del slike viktige tekstar. Takka vere velvilje frå folk til å låne ut slikt stoff så vil soga kunne virke endå meir levande. Har du noko liggande; gjer vel å ta kontakt med perolereite@voldautvandring.com

Nedanfor ser me ein avisartikkel som stod i Møre, oktober 1957, tilsendt av Johann Folkestad.




Til Canada

Frå DravlausbygdaOpprettet av Per Ole Reite sø., mars 31, 2013 11:10:24

Canada var eit viktig utreisemål for dalsfjordingane. Brødrene Alf og Sverre Reite frå Ellingegarden på Dravlaus-Lisjebøen drog til Canada i 1949. Det var fleire frå Lisjebøen som hadde utvandra hit dei siste femti åra. Ein av dei var deira eigen far, Peder Reite, som hadde pendla over havet fleire gonger. Sist han drog bort var i 1948. Han hadde kjøpt ein liten eigendom ved Port Albion på Vancouver Island som han kalla" farmen ved Laken". Alf og Sverre hadde slik eit kontaktpunkt for vidare utfolding i sitt nye heimland. Sjølv om Alf flytte tilbake til Noreg og busette seg i Ulsteinvik så hadde han størsteparten av sitt yrkesaktive liv i Amerika. Sverre vart verande i Canada og busette seg i Vancouver der han stifta familie. Bildet av Alf og Sverre nedanfor er teke i Vancouver

Voldingar og andre nordmenn i Sør-Afrika

Til Sør-AfrikaOpprettet av Per Ole Reite ma., oktober 01, 2012 21:06:47

Medan me ventar på ei eiga utvandrarhistorie for Volda kan me tilby eit historieverk der mange utvandrarar frå Volda er nemnt. Boka kom ut i 2008, men det er framleis nokre eksemplar att.

Visste du at det kom nordmenn til Sør-Afrika allereie på 1600-talet og at dei var med på å kolonisere Kapplandet. Har du høyrt om Hans Schreuder som kurerte kong Mpande og gjorde det mogeleg for nordmenn å etablere seg i Zululand. Eller kva med Debora-ekspedisjonen som ville skipe ein norsk koloni på nokre øyar nord for Madagaskar. I boka Norsk utvandring til Sør-Afrika får du møte dei og mange fleire. Her er historia om Marburgsettlementet ved Port Shepstone som vart stifta i 1882. Her får du lese om norske eventyrarar på jakt etter gull og diamantar i Kimberley og Johannesburg. Ei oversikt over norske deltakarar i boerkrigen høyrer også med i dette bokverket. Fleire av desse var frå Volda, Ørsta, Herøy, Sande og mange andre stader på Sunnmøre og dei kjempa på begge sider. Her er dessutan eit eige kapittel om korleis nordmenn dreiv kvalfangst ut for Durban, om familien Thesen sin suksesss i kystbyen Knysna, og om norsk-afrikanarar sin innsats i verdskrigane. Boka høver for alle som er interesseret i utvandrarhistorie, sjøfartshistorie, krigshistorie, misjonshistorie og historie generelt og har ei mengde fotografi som aldri tidlegare er publisert.

Ved bestilling på denne sida får du dessutan eit oppdatert vedlegg.

Medieomtale:

Jarle Simensen, professor UiO i intervju med NRK P2: Boka er meget grundig, men også festlig framstilt.

Illustrert Vitenskap Historie: Boken er det hittil mest omfattende verket om norsk utvandring til Sør-Afrika.

Militær Historie: En svært interessant bok.......med mange gode bilder og spennende fakta

Slekt og Data DIS Norge: Slektsforskere med slekt blant utvandrere vil finne mye interessant stoff.

Sunnmørsposten: Det er eit imponerande kjeldemateriale Reite har vore igjennom, og det er ein bauta over den norske utvandringa til Sør-Afrika han her har reist.

Møre-Nytt: Praktbok om nordmenn i Sør-Afrika......fyldig, rikt illustrert og fin grafikk.


Norsk utvandring til Sør-Afrika, 276 sider, "A4"-format, innbunde med stive permar.

No kun 300,- kr. + 100,- kr. frakt/porto i Norge.

To rest of the world 500,- NOK included shipping.

Boka kan bestillast frå/Order book from:

perolereite@voldautvandring.com

Status mars 2012

GenereltOpprettet av Per Ole Reite to., mars 15, 2012 22:09:34

Sjølv om det har vore stillstand på denne bloggen i ei tid, så rullar prosjektet framleis vidare. Så langt har eg konsentrert meg om å registrere utvandrarar frå Dalsfjorden. Talet på emigrantar herifrå har no kome opp i over 210 personar. Dei aller fleste er registrert med utreiseår, reisemål m.m..

Kvar enkelt utvandrar er ein del av ein heilskap. Det vert arbeidd vidare med å skaffe seg ei endå betre oversikt over utvandringa frå dette området. Statistikk er ein viktig del av dette: Kva for område var det dei fleste reiste til? Kva periode reiste dei fleste ut? Kva aldersgruppe høyrde dei til? Kva gjorde dei på der borte? Reiste dei åleine eller for dei i lag med andre? Kor stor prosentdel drog attende til Norge? Dette er berre nokre av dei spørsmåla ein vil prøve å få svar på.

Statistikk kan gje oss svar på ein heil del. Men viktig og interessant er også historiene til kvar einskild. Planen er difor å oppsøkje folk som kjenner til historier om emigrantane frå Dalsfjorden.

Redaksjonen vil vere takksam om det er nokon som tek kontakt. Enten det er med bilder, muntlege forteljingar, brev eller andre dokument.

Frå Velsvika til Amerika

Frå VelsvikaOpprettet av Per Ole Reite on., oktober 05, 2011 20:59:36

Det er funne 27 personar frå Velsvika som drog til Amerika i perioden 1885-1924. 3 av dei var kvinner. Det er dei to gardane i Koppen som utmerkar seg med høgst utvandring. Frå Eliasgarden utvandra 9 mennesker der 3 kom tilbake til Norge. Frå Eliasgarden emigrerte også 2 av dei 3 kvinnene som er funne utvandra frå Velsvika. Den tredje kvinna utvandra frå Sundnesgarden, men ho var fødd på Rovde.

Frå Sivertgarden i Koppen utvandra 6 personar der 2 kom heim til Norge.

Elles drog det 3 emigrantar frå Hauane og 3 frå Sundnesgarden. 2 frå Sjurgarden og 2 frå Ottagarden.

Rasmusgarden og Høystøylen hadde 1 utvandrar kvar.

Bildet nedanfor vart nyleg funne i Eliasgarden, Koppen. Det er teke i eit studio i San Francisco. Men kven er personane?

Voldingar i Sør-Afrika

Til Sør-AfrikaOpprettet av Per Ole Reite on., november 24, 2010 22:44:40

Ei rekkje emigrantar frå Volda tok ei anna leid enn den store straumen som gjekk mot vest. Dei drog til Sør-Afrika. Sunnmøringar var sterkt delaktige i denne utvandringa og Volda var eit av områda som hadde den største andelen innanfor Sunnmøre. Andre kommunar som hadde ein liknande andel var Herøy, Ørsta, Sande, Giske og Ålesund.

Den fyrste frå Volda som emigrerte til Sør-Afrika var sannsynlegvis Hans Peter Hanson Høidal (1849-1916) frå Fremstedalen i Høydalen. Han kom dit ned ca. 1875.

Den neste var også høydaling. Det var Ole frå Jakobgarden i Høydalsvikane. Han kom til Durban i 1879 med galeasen "Debora". Dei 47 deltakarane hadde planar om å skipe ein norsk koloni på nokre øyar nord for Madagaskar, men tiltaket mislukkast. Dei fleste enda opp i Natal-kolonien. Les meir: www.salbu.co.za/debora/

I 1882 kom det eit stort fylgje med sunnmøringar fram til landsbyen Port Shepstone ved Umzimkulu-elva. Her stifta dei eit eige norsk bygdesamfunn som det finst restar av jamvel i dag. Mellom dei som var frå Volda kan me nemne: Peder Brune og sonen Ole, John og Kanutte Lillebø med 4 born, Martha og Anders Bjørkelund med 2 born, Ragnhild og Johannes Løndal med 1 barn, Peder Dahle, Kristian Rødseth, Malene Eidseth og Nikoline Løndal.

Det står meir om alt dette i boka Norsk utvandring til Sør-Afrika. Men det finst sikkert fleire historier der ute som må med i ei utvandrarsoge frå Volda.

Bilde nedanfor: Norwegian Settlers Church, Marburg, Port Shepstone. Inne i denne kyrkja heng det ei minneplate over Peder Lillebø.

Martin Ulvestad

Frå UlvestadbygdaOpprettet av Per Ole Reite ti., november 23, 2010 21:43:57

Få frå Volda la igjen så markante spor etter seg i Amerika som Martin Ulvestad, eller Ole Johannes Martinus Ulvestad som han vart døypt her heime. Det kjem meir stoff etterkvart om denne kartleggaren av nordmenn i USA tidleg på 1900 talet

« ForrigeNeste »