Utvandringa frå Volda

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Norsk utvandring til Sør-Afrika

Til Sør-AfrikaOpprettet av Per Ole Reite on., mars 02, 2016 10:47:55
Boka Norsk utvandring til Sør-Afrika kan bestillast ved å sende e-post til perolereite@voldautvandring.com
Pris: 300,- kr. + evt. fraktomkostingar (110,- kr. innenlands.)

Dette er oversiktsverket over den norske utvandringa til Sør-Afrika. Det er ei omfattande og særs spennande historie.
Visste du at det kom nordmenn til Sør-Afrika allereie på 1600-talet og at dei var med på å kolonisere Kapplandet? Har du høyrt om Hans Schreuder som kurerte kong Mpande og gjorde det mogeleg for nordmenn å etablere seg i Zululand? Eller kva med Debora-ekspedisjonen som ville skipe ein norsk koloni på nokre øyar nord for Madagaskar? I boka Norsk utvandring til Sør-Afrika får du møte dei og mange fleire. Her er historia om Marburgsettlementet ved Port Shepstone som vart stifta i 1882. Her får du lese om norske eventyrarar på jakt etter gull og diamantar i Kimberley og Johannesburg. Ei oversikt over norske deltakarar i boerkrigen høyrer også med i dette bokverket. Nordmenn kjempa på begge sider i denne krigen. Her er dessutan eit eige kapittel om korleis nordmenn dreiv kvalfangst ut for Durban, om familien Thesen sin suksess i kystbyen Knysna, og om norsk-afrikanarar sin innsats i verdskrigane. Boka høver for alle som er interesseret i utvandrarhistorie, sjøfartshistorie, krigshistorie, misjonshistorie og historie generelt og har ei mengde fotografi som aldri tidlegare er publisert.



Medieomtale:

Jarle Simensen, professor UiO i intervju med NRK P2: Boka er meget grundig, men også festlig framstilt.

Illustrert Vitenskap Historie: Boken er det hittil mest omfattende verket om norsk utvandring til Sør-Afrika.

Militær Historie: En svært interessant bok.......med mange gode bilder og spennende fakta

Slekt og Data DIS Norge: Slektsforskere med slekt blant utvandrere vil finne mye interessant stoff.

Sunnmørsposten: Det er eit imponerande kjeldemateriale Reite har vore igjennom, og det er ein bauta over den norske utvandringa til Sør-Afrika han her har reist.

Møre-Nytt: Praktbok om nordmenn i Sør-Afrika......fyldig, rikt illustrert og fin grafikk.


Norsk utvandring til Sør-Afrika, 276 sider, "A4"-format, innbunde med stive permar.