Utvandringa frå Volda

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Martin Ulvestad vender heim

Frå UlvestadbygdaOpprettet av Per Ole Reite sø., november 30, 2014 21:47:43
Det har lukkast redaksjonen å få tak i Nordmændene i Amerika. Dette var hovudverket til Martin Ulvestad (1865-1942). Verket består av 2 band på til saman over 1500 sider og er eit resultat av det arbeidet Ulvestad la ned med å registrere nordmenn i Amerika. Eller sagt som han sjølv formulerte det: "Nordmændene i Amerika. Deres Historie og Rekord. Bidrag til og Bindeled mellom Norges Historie og Nord Amerikas - De Forenede Staters i særdeleshed". Band 1 kom ut i 1907. Band 2 i 1913. Viss det er nokon som vil ta ein titt på verket, så kan underteikna kontaktast. Av andre utgjevingar har me også i hende: Engelsk-Dansk-Norsk Ordbok 1895 og Norge i Amerika 1901. Det vert jobba med å bringe heim i fleire av den utvandra ulvestadbygdingens bøker.