Utvandringa frå Volda

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Bilete

GenereltOpprettet av Per Ole Reite sø., mai 03, 2015 22:12:55
Eit bilete seier meir enn tusen ord heitest det. Me er no godt i gang med skanning av bilder som har med utvandring å gjere. Gjer vel å kontakte oss om du har noko! Leit på mørkeloft og i bortgøymte krinkelkrokar! Kanskje du har gløymde skattar som fortener å sjå dagens lys. Me vil svært gjerne låne gamle bilder og ordne digitalisering. Du kan etter ynskje få ein kopi. Nedanfor ser du eit fotografi som er utlånt av Oddvar Ulvestad. Det syner fem brør frå Krikane som utvandra til USA.





Alfabetisk oversyn

GenereltOpprettet av Per Ole Reite on., april 01, 2015 20:54:54

Johann Folkestad har oppretta ein artikkel på lokahistoriewiki med eit alfabetisk oversyn over utvandrarar frå Volda. Artikkelen heiter Utvandring frå Volda:

http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Utvandring_fr%C3%A5_Volda

Eit flott tiltak og eit viktig arbeid som me ser fram til å fylgje med på vidare. Folkestad kan også presentere fleire avisartiklar om emnet. Nedanfor ser me eit døme på eit slikt stykke som har stått i Møre.





Amerikabrev

GenereltOpprettet av Per Ole Reite fr., november 28, 2014 22:27:11
Brev frå Amerika var stor stas for familien heime. Men brev heimanfrå var like viktig for utvandrarane. Korrespondansen mellom emigrantane og famillie og vener betydde mykje i ei tid då det verken fanst telefon eller internett og ei reise mellom kontinenta tok over ei veke.
Ikkje minst er slike brev av stor historisk verdi for å forstå tida dei levde i. Nok ein gong har redaksjonen motteke ei rekke brev. Det er Solveig Tømmerbakk som har lånt ut ein del brev ho har arva. Bestemora, Gunhild Reite, brevveksla ofte med brørne sine; Knut, Peder og Ole Reite. Dei var både i California og British Columbia. Slike brev gjev utvandrarane ei stemme. Det er nesten som me kan høyre dei får nytt liv.

Status mars 2012

GenereltOpprettet av Per Ole Reite to., mars 15, 2012 22:09:34

Sjølv om det har vore stillstand på denne bloggen i ei tid, så rullar prosjektet framleis vidare. Så langt har eg konsentrert meg om å registrere utvandrarar frå Dalsfjorden. Talet på emigrantar herifrå har no kome opp i over 210 personar. Dei aller fleste er registrert med utreiseår, reisemål m.m..

Kvar enkelt utvandrar er ein del av ein heilskap. Det vert arbeidd vidare med å skaffe seg ei endå betre oversikt over utvandringa frå dette området. Statistikk er ein viktig del av dette: Kva for område var det dei fleste reiste til? Kva periode reiste dei fleste ut? Kva aldersgruppe høyrde dei til? Kva gjorde dei på der borte? Reiste dei åleine eller for dei i lag med andre? Kor stor prosentdel drog attende til Norge? Dette er berre nokre av dei spørsmåla ein vil prøve å få svar på.

Statistikk kan gje oss svar på ein heil del. Men viktig og interessant er også historiene til kvar einskild. Planen er difor å oppsøkje folk som kjenner til historier om emigrantane frå Dalsfjorden.

Redaksjonen vil vere takksam om det er nokon som tek kontakt. Enten det er med bilder, muntlege forteljingar, brev eller andre dokument.

Utvandrarsoge for Volda

GenereltOpprettet av Per Ole Reite ti., november 23, 2010 18:08:38

Dessverre har ikkje våre folk sett spor etter seg i dei store nasjonale bokverka om utvandringa til Amerika. Verken i Det løfterike landet av Odd S Lovoll eller Farvel Norge av Sverre Mørkhagen er Volda nemnt med eit einaste ord. Lokalt har temaet vore omtala både i Busetnadsoga, Voldaminne, Minne frå Dalsfjord osb. Men spørsmåla er likevel mange: Kven var det som emigrerte? Kvifor drog dei? Til kva land og landsdelar drog dei? Korleis har denne utvandringa sett spor etter seg ute og heime? I kva tidsperiode var denne utvandringa størst? Korleis utarta ho seg i forhold til resten av landet? Kor monge emigrerte her frå? Kor mange frå kvart bygdelag? Kor mange i forhold til nabokommunane? For å finne svar på dette og meir til så krevst det eit nybrotsarbeid. Ein må søkje å finne mest mogeleg informasjon om kvar enkelt som drog ut. Gjennom samanlikning og statistikk kan ein då skaffe seg eit betre oversyn. Me må likevel ikkje gløyme at bak slike statistiske svar så finst det einskildmenneske som har spennande historier å fortelje oss. Difor bør det i ei utvandrarsoge vere romsleg med plass til biografiar over dei som deltok.

For å få til dette er me avhengig av hjelp. Er du ein av dei som vil melde deg på som bidragsytar? Gjer vel og leit i gamle album, sigarøskjer og kakeboksar, i hyller og skap, på mørkeloft og bortgøymde krokar. Redaksjonen vil særleg vere på jakt etter gamle brev, postkort, fotografi og andre dokument som har med utvandring å gjere.

Kva med gjenlevande utvandrarar eller slekt og vener av desse? Det finst sikkert dei, som etter minne, kan fortelje litt av kvart. Har du ei god historie eller vil tipse oss? Gjer vel å ta kontakt! Slik kan dette ende opp med ei spennande og grundig utvandrarsoge for Volda.

Hugs dessutan at voldingar ikkje berre utvandra til Amerika. Dei drog til Sør-Afrika og sikkert også til andre verdsdelar.