Utvandringa frå Volda

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Då 10 menn forlot Dalsfjorden

Frå DravlausbygdaOpprettet av Per Ole Reite ma., desember 01, 2014 22:24:40
Frå Sivert Reite og Gunhild Nordvik Reite har me fått kopi av eit brev som har kome til rette på Instereitane. Det omhandlar den tårevåte avskjeden då 10 menn frå Dalsfjorden sette kursen mot Amerika. Brevet er ført i pennen av Rasmus, (1860-1947) brukar av Instereitane, som i brev til dottera Elina, fortel, om korleis det var då sonen Sivert og dei andre skulle reise til Amerika. Kvelden før var det samling på skulestova i Dravlausbygda. "Saa skulde først de som skulde reise sette sig til Bordet og beværtes ...... og siden de andre og de skulde betale etter som de vilde. Det var en alvorlig kvælsstund for det blir alvorligt naar man skjilles med sine kjære og kanske ikke mer sees i dette liv..... Fredagskvelden gikk de om bord i Møringen paa Løvik der var saa meget folk at jeg tror ikke der har vært saa meget før."

Brevet er ikkje datert, men ser me i Emigrantar over Ålesund på Digitalarkivet så ser me at i mars 1910 er det fleire dalsfjordingar som er registrerte i lag med Sivert Elias Ananias R. Reite 12. mars 1910: Hans Johan Eliassen Lyngnæs, Samund Hansen Lyngnæs, Peder (Per) Johannes L. Løvik, Ingvald Olai Olsen Drabløs, Knut Sigvald Andreas S. Drabløs Lillebø, Knut Bertinus Sigvald Ø. Hjelle, Torbjørn Olai Eliassen Skrubbenæs, Anders Martinus S. Torvik og Knut Andreas Rasmussen Nødvig. Dessutan er Lars Olai Sivertsen Koppen registrert 31. mars og Erik Danielsen Aasebø 7. mars.

"Saa bad vi da farvel og naar vi reiste fra kaien da stod der alle disse, de var i alt 10 tenk - og svingede med sine tørkleder og vi ligeledes til dem -- O at vi maatte samles igjen !"

I brevet kjem det også fram at broren til Sivert; Johannes, allereie er etablert i Amerika "vi fikk penger og brev fra Johannes fredag, han lever væl".



Det var avskjedsmarkering i skulestova, kvelden før dei drog. Midt på bildet ser me denne fyrste skulen i Dravlausbygda, som låg nede ved Gardaelva.










Til Canada

Frå DravlausbygdaOpprettet av Per Ole Reite sø., mars 31, 2013 11:10:24

Canada var eit viktig utreisemål for dalsfjordingane. Brødrene Alf og Sverre Reite frå Ellingegarden på Dravlaus-Lisjebøen drog til Canada i 1949. Det var fleire frå Lisjebøen som hadde utvandra hit dei siste femti åra. Ein av dei var deira eigen far, Peder Reite, som hadde pendla over havet fleire gonger. Sist han drog bort var i 1948. Han hadde kjøpt ein liten eigendom ved Port Albion på Vancouver Island som han kalla" farmen ved Laken". Alf og Sverre hadde slik eit kontaktpunkt for vidare utfolding i sitt nye heimland. Sjølv om Alf flytte tilbake til Noreg og busette seg i Ulsteinvik så hadde han størsteparten av sitt yrkesaktive liv i Amerika. Sverre vart verande i Canada og busette seg i Vancouver der han stifta familie. Bildet av Alf og Sverre nedanfor er teke i Vancouver

Jakob Ellingson

Frå DravlausbygdaOpprettet av Per Ole Reite ti., november 23, 2010 13:18:07

Eg byrjar denne bloggen med å vise eit postkort som er skrive av Jakob Ellingson Lillebø (1885-1908). Jakob var frå Ellinggarden, Lisjebøen, Dravlausbygda, Dalsfjorden

Postkortet er datert 17. mai 1907 og sendt til systera Anna Sofie Jakobine Lillebø. Slike dokument kan fortelje oss ein heil del. Er det fleire som har slike kort eller brev liggande?